onsdag 17. januar 2018

Den karolingiske meistaren

I Oseberggrava vart det funne fire dyrehovudstolpar som alle var dekka av figurornament. Ein av dei fekk namnet Den karolingiske meistaren. 



På toppen av hovudet er det skore ut ein menneskeliknande figur, som det er gjengitt teikning av i boka Osebergfundet, bind III. 


Det er vanleg å frese rundt ornamentet, men det blir det mykje støv og støy av. Difor er det somme gonger bedre å berre skjere seg ned for hand. 


Figuren er skoren ut frå teikning og foto. Men bileta var av dårleg kvalitet og teikninga stemmer nok ikkje heilt, så eg måtte laegge til litt kunstnarleg friheit på slutten. Det blir spennande å komme til Vikingskipsmuseet att og sjå på originalen korleis figuren eigentleg er. 


Det er funne restar av måling på dyrehovudstolpane, men ingen veit kva fargar eller kva fargestyrke som blei nytta. Spesielt har styrken på fargane blitt sterkt debattert blant forskarar. Eg har trua på at dei likte fargesterke fargar i tidleg vikingtid, så eg har laga eit forslag til korleis det kunne ha sitt ut. 



mandag 8. januar 2018

Enkelt ornament i akantus

I boka til min tidlegare lærar, Knut Engeland, fann eg ei enkel og akantusrose som inneheld dei fleste stilelementa i vestlandsakantusen. Difor valde eg å bruke den på kurs i akantus på Valdres Folkemuseum i fjor. Her kan de sjå korleis det blei:

Mønsterteikning frå boka Treskjæringsmønstre av Knut Engeland

Akantusrosa utskore i svartor

Målt med oljebasert gullmåling 

Botn er målt raud, slik at rosa i gull står fram.
Dette er ein tradisjonell fargesetjing av akantusornament. 

Den store stuten



CDen kan høyrast på Spotify, Tidal og YouTube.
Håpar han fell i smak. 

mandag 27. april 2015

Hardingfeleroser

Roser til hardingfele er teikna og hardingfela er laga. Gler med til å teikne rosene på fela og sjå korleis dei fungerer der.


Sargrose

Midtrose, lok

Loket, oppe

Loket, nede

Botn, oppe


Botn, innanfor c-bøygane

Botn, nede

Hardingfelehovud

Her har eg skore eit hardingfelehovud inspirert av Trond Isaksen Flatabø sine hardingfelehovud. Tenker å forgylle deler av det, slik Trond gjorde, men fyrst lyt hovudet få seg ein kropp med litt roser.







Hardingfelehovud

Løvehovud til hardingfele, klart til å skjeftast på felekroppen. 





Langeleikhovud

Her har eg kopiert eit løvehovud på ein langeleik frå Aurland. Leiken har inskripsjonen "HIS 1824". Hovudet liknar mykje på løvehovuda Trond Isaksen Flatabø (1713-1772) skar på mange av felene sine. 












Undervegsbilde

Hovudet er med på museet, for samanlikning med originalen.